Aktiviteter/Grupper

Aktiviteten i laget er organisert i grupper, hver med sin egen
plan. Gruppene i dag er:

Fotoarkivet

Historielaget har fleire tusen bilder lagra på film og
papirkopiar. Ein stor del vart samla på 1980-talet frå private
fotosamlingar. Bilda vart avfotografert og lagra som film. Papirbilder
er kome historielaget i hende på ymse vis, mest gjennom bokprosjekta
gjennom 40 år. I dei seinare åra er bildematerialet til bøkene stort
sett mottatt digitalt. Det aller meste er katalogisert på kort med
opplysningar om alder, motiv og fotograf.

Historielaget har også:

  • Widerøe AS si flyfotosamling over bygda frå 1953 og frå 1959.
  • Ei stor samling studiobilder etter fotograf J. N. Elstad. Ca. 7500
    bilder som nå er scanna.
  • Journalist Kristian Hosars samling etter fotograf J. N. Elstad,
    kjøpt i 2013. Dette er ca. 1500 landskapsbilder frå heile dalen,
    mest frå Ringebu, frå 1934 og framover. (Dei eldste Elstad-bilda er
    eigd av Maihaugen).
  • Ei stor samling etter amatørfotograf Øivind Berge ca. 440 bilder.

I 2011 vart det sett i gang arbeid med å digitalisere og arkivere
heile fotosamlinga til historielaget. Dette blir gjort med
arkiveringsprogrammet PRIMUS som også musea bruker. Det er eit stort
arbeid, mye er gjort og mye står att. Etter kvart vil fotogruppa ta
inn nye bilder for digitalisering. Å lage kopiar for interesserte vil
og bli aktuelt mot eit honorar.

Knut Olafsen, Gudveig Hjelle, Oddveig Borgedal og Kjell Hovde

I dag består fotogruppa av:

  • Knut Olafsen, leiar
  • Gudveig Hjelle
  • Gudbrand Berg
  • Hans Tore Seielstad
  • Rune Eivind Bjørgerønningen

Gotisk Skriftlesing

Her var ei gruppe aktive fram til 2013 med Halvor Aaby som
leiar. Etter at arbeidet med Heim og folk-bøkene nå tek all hans
arbeidskraft, har gotiskgruppa tatt ei pause. Men medlemmene er til
disposisjon for dei som treng hjelp for å lesa gotisk handskrevne brev
og dokument.

Dei som deltok dei siste åra var:

  • Halvor Aaby, leiar
  • Ove Løkken
  • Elna Nordrum
  • Jon Ødegård

Det gotiskgruppa har transkribert frå midt på 1970-talet og fram til i dag er omfattande.

  • Ministerialbøkene for Ringebu frå 1696 fram til 1898. Dette er trykt i 17 hefter og bøker, og er fortsatt å få kjøpt i laget.
  • Tingbok for Søndre Gudbrandsdal 1664 - 1700 (Saker frå Ringebu), trykt hefte.
  • Tingbok for Sør-Gudbransdal 1705 - 1726 (Saker frå Ringebu), trykt hefte.
  • Tingbok for Sør-Gudbrandsdal 1727 - 1739 (Saker frå Ringebu), trykt hefte.
  • Tingbok for Sør-Gudbrandsdal 1739 - 1746 (Saker frå Ringebu), trykt hefte.
  • Tingbok for Sør-Gudbrandsdal 1747 - 1753 (Saker frå Ringebu), trykt hefte.
  • Tingbok for Sør-Gudbrandsdal 1754 - 1758 (Saker frå Ringebu), trykt hefte.
  • Tingbok for Sør-Gudbrandsdal 1754 - 1756 (Saker frå Ringebu).
  • Skifter frå Ringebu 1682 - 1720, trykt hefte.
  • Kallsboka for Ringebu 1732 - 1772, trykt hefte.
  • Veghistorie for Ringebu, trykt hefte.
  • Formannsskapsprotokollen frå starten og så langt den er skrive med gotisk handskrift.
  • Ei rekke private arkiv.

Registrering av rosemaling i bygda

Etter ei oppmoding frå Maihaugen vart det i 2013 oppnemnd ei
arbeidsgruppe som skulle finne fram til gamal rosemaling og registrere
denne, under leiing av Olaug Widme. Grendemenn er oppnemnd og arbeidet
er i gang.

Skulesamlingene

Ringebu Historielag har overtatt ei stor samling gamalt skulemateriell
av Ringebu kommune, som berre var stuva vekk. Arbeidet med å ordne,
avfotografere og katalogisere dette tok til i 2007. Anne Thea Høye
Olafsen og Knut Olafsen har sidan arbeidd med dette, og ca. 4300
gjennstandar er nå katalogisert. Samlinga er i dag i svært lite
tilfredsstillande lokale i gamle «Gymnastikken» på Vekkom Skule. Det
har vore arbeidd med å få til nye og bedre lokaler for skulesamlinga i
Ringebu Prestegard. Desse planane har stoppa, men det er i alle fall
ei temautstilling i Prestegarden sommaren 2016.

Slektsgransking

Her har teknologien innhenta måten dette arbeidet var utført på
tidlegare. Mye kan nå gjerast heime på eigen PC. Men å finne røtene og
heimeplassen til forlengst utfløtte og ofte fråfløtte plassar, kan
vera eit vanskeleg nøste å rekke opp i. Mange treng hjelp til dette,
ikkje minst norskætta amerikanarar, og knapt noen har har mislykkast i
å finne rota si i Ringebu. Dei som i dag for det meste tek seg av folk
på leiting etter røtene sine er Knut Kvernflaten (kkvernfl@online.no),
Ole Jon Moastuen (ol-jon@online.no) og Wenke Horten (wenke_horten@hotmail.com).