Klangen, kunsten, handverket

Ein tusen år levande tradisjon med kyrkjeklokker

Campanolog Henning Andersen held foredrag

Ringebu stavkyrkje tysdag 20. februar kl. 18.30

«I uminnelege tider har kyrkjeklokkene ringt og kalla oss saman i
glede og sorg, til kvardag og fest, i helg og sykne. Klokkene har
ringt sola opp, og sola ned, ringt når dei små har vorte bore til
dåpen, og når graver har vorte grave, og den døde skulle i
jorda. Kyrkjeklokkene har fulgt oss frå vogge til grav, og så og seia
vore som pulsslaga i livet vårt.

Mykje har endra seg opp gjennom åra sidan dei fyrste kyrkjeklokkene
ringte utover landet. Men klangen, kunsten og handverket har me
framleis - ein liturgisk funksjon, og eit levande og ubrote 1000 år
gamalt tradisjons- handverk.

På 500-talet kom ei klokke over havet frå Carthago til Campania. Og
derifrå har me fått ordet CAMPANOLOGI, altså læra om klokker. Mykje
kunnskap om kyrkjeklokker i Noreg gått tapt. I frå midten av 50-talet
var iveren etter å få installert elektrisk ringing i kyrkjene svært
stor, og både kunnskapen om kyrkjeklokker og ringing vart med det
mange stader borte.

Kvifor ringer kyrkjeklokkene tre gonger før ei gudsteneste? Kva for
klokker blir brukt til kva type kyrkjeleg handling? Kvifor ringer me
3x3 slag når messa er over? Kvifor ringer me ein heil time ved
høgtidsdagane? Kva er skilnaden på manuell og elektrisk ringing? Kva
kan me gjera for å ivareta og bygge opp kyrkjeklokketradisjonen vår?»

Desse, og mange fleire spørsmål rundt kyrkjeklokketradisjonen, kan vi
få svar på i foredraget i Ringebu stavkyrkje. Sjekk intervju NRK P2
«Museum» 12. august 2011.

Henning Andersen er fødd i 1977 i Aurdal i Valdres, «som nesten
næraste granne til kyrkja i Aurdal, kan eg vel seia at eg har fått
kyrkjeklokkene i Aurdal inn med morsmjølka. Klangen frå kyrkjeklokker
har alltid fasinert meg ... i 1993 vart stillinga som kyrkjetenar lyst
ledig, og eg søkte. Eg fekk jobben, og vart såleis 5. generasjon
kyrkjetenar/ringar i familien. Tippoldefar min var kyrkjetenar i
Aurdal frå 1866 - 1904. Far hans att skulle også etter muntlege
kjelder ha vore ringar i Aurdal.

Med folkemusikken i ryggmargen frå oppveksten med gamle besteforeldre,
var det ikkje eit vanskeleg val at det var folkemusikklina på Valdres
Vidaregåaned skule eg skulle ta.

Interessa for kyrkjeorgel har også fult meg frå eg var ganske
liten. Dei fyrste timane i orgelspel fekk eg av dåværande organist i
Aurdal, Anlaug Fønhus Svae (1908 - 1993). Frå sama år eg byrja som
kyrkjetenar, vart eg og nytta som vikarorganist I tre år. Frå 2012 var
eg tilsett som organist på heiltid. I tillegg til stillinga som
kyrkjetenar i Aurdal, eig og driv eg Valdres Gravferdsbyrå.

I 2004 byrja eg på den Skandinaviske klokkenistskole (Scandinavian
Carillon School) i Løgumkloster i Danmark. Sidan då har eg ofte vorte
nytta som føredragshaldar om kyrkjeklokker, og instruktør på
ringekurs. Elles har eg òg vorte mykje nytta som freelance konsulent
for Riksantikvaren og dei ulike bispekontora, i klokkesaker.»

Kjelde: kyrkjeklokker.no – heimesida til Henning Andersen.

Det er såleis ein erfaren organist, klokkar, kyrkjetenar som kjem og
gjestar stavkyrkja.

Med venleg helsing

Torveig Dahl

For arrangørane: Ringebu sokneråd, Ringebu historielag, Ringebu kommune, Gudbrandsdalsmusea.